Jubileumsåret i historier

NKS Olaviken er 100 år i 2025. Vi ønsker å dele vår spennende historie med dere. Her kommer historie og bilder fra starten i 1925.

En gruppe mennesker som poserer for et bilde
Foto: ukjent

I 2025 har Olaviken drive i heile 100 år. 100 år i teneste for sårbare menneske – med Bergen Sanitetsforening som sosialentrepenørar - opptekne av å dekke udekka behov i samfunnet.

I 1925 skiftar Kristiania namn til Oslo. Johan Ludvig Mowinckel er statsminister. Thor Bjørklund tek patent på ostehøvelen, jazzen gjer sitt inntog i orkester og på restaurantar - og Brann vert noregsmeister i fotball. Samstundes var tuberkolosen eit folkehelseproblem. 19% av sjukdomsdødsfalla sto tuberkolosen for. Tuberkolose var den vanlegaste dødsårsaken - knytta til dårlege boligar, at ein budde trangt, hygienen vart så som så og likeeins ernæringa.

I 1925 kjøpte Bergen Sanitetsforening Olaviken for 60000 kr, og foretok den første av fleire omfattande endringar av hovudbygninga. Alt for å tilpasse bygget til oppgåva den skal stette. I 1926 kom 30 gutar. Dei hadde tuberkolose i familien, og det var ynskjeleg at dei fekk kome seg vekk og få rasjonelt stell i frå nokre månader og opptil eit år. Her fekk dei alt dei trengde av klede og tilsyn, forpleining og skulegang. Inntektene av maiblomst-salet gjekk også til drifta her. 40 gutar i året fekk 7 vekers opphald på Olaviken. Dei første 11 åra fekk faktisk 1040 gutar nyte godt av opphald på Olaviken. Sanitetskvinnene stilte som solid bakkemannskap, og tok ansvar for drift, sydde gardiner, reparerte klede og gav elles omsut.

Josefine Agnete Grindstad, ei av stiftarane i Bergen Sanitetsforening i 1898, oppretta eit legat i testamentet sitt, der rentene mellom anna skulle nyttast til å vedlikehalde sarskolonien for gutar i Olaviken.

Sist oppdatert 22.01.2025