Vi anbefaler at du alltid bruker siste versjon av nettleseren din.

Jubileumsåret i historier

NKS Olaviken er 100 år i 2025. Vi ønsker å dele vår spennende historie med dere. Her kommer historie og bilder fra starten i 1925.

En gruppe mennesker som poserer for et bilde
Foto: ukjent

I 2025 har Olaviken drive i heile 100 år. 100 år i teneste for sårbare menneske – med Bergen Sanitetsforening som sosialentrepenørar - opptekne av å dekke udekka behov i samfunnet.

Del 1, årene 1925 - 1939.

I 1925 skiftar Kristiania namn til Oslo. Johan Ludvig Mowinckel er statsminister. Thor Bjørklund tek patent på ostehøvelen, jazzen gjer sitt inntog i orkester og på restaurantar - og Brann vert noregsmeister i fotball. Samstundes var tuberkolosen eit folkehelseproblem. 19% av sjukdomsdødsfalla sto tuberkolosen for. Tuberkolose var den vanlegaste dødsårsaken - knytta til dårlege boligar, at ein budde trangt, hygienen vart så som så og likeeins ernæringa.

I 1925 kjøpte Bergen Sanitetsforening Olaviken for 60000 kr, og foretok den første av fleire omfattande endringar av hovudbygninga. Alt for å tilpasse bygget til oppgåva den skal stette. I 1926 kom 30 gutar. Dei hadde tuberkolose i familien, og det var ynskjeleg at dei fekk kome seg vekk og få rasjonelt stell i frå nokre månader og opptil eit år. Her fekk dei alt dei trengde av klede og tilsyn, forpleining og skulegang. Inntektene av maiblomst-salet gjekk også til drifta her. 40 gutar i året fekk 7 vekers opphald på Olaviken. Dei første 11 åra fekk faktisk 1040 gutar nyte godt av opphald på Olaviken. Sanitetskvinnene stilte som solid bakkemannskap, og tok ansvar for drift, sydde gardiner, reparerte klede og gav elles omsut.

Josefine Agnete Grindstad, ei av stiftarane i Bergen Sanitetsforening i 1898, oppretta eit legat i testamentet sitt, der rentene mellom anna skulle nyttast til å vedlikehalde sarskolonien for gutar i Olaviken.

Del 2, årene 1940 - 1949:

I 2025 har Olaviken drive i heile 100 år i teneste for sårbare menneske, med Bergen Sanitetsforening som sosialentrepenørar - opptekne av å dekke udekka behov i samfunnet.

I åra 1940-1945 var det full drift på Olaviken. I økonomisk trange tider, vart det gjort mykje godt arbeid for å gje gutane det dei trengde. Sanitetskvinnene sto på med mykje praktisk, i tillegg til at dei hadde innsamlingar gjennom blant anna sal av Mai-blomsten. Dette gav i seg sjølv store inntekter til bekjemping av tuberkolosen. IOGT sto også for ei innsamling for at borna skulle få leiker, og Vinmonopolavgifta som falt på Bergen, vart fordelt blant anna til Olaviken.

Trange tider med mykje rasjonering trengde også rådgjeving på andre plan. I 1941, med fleire tillegg gjennom krigsåra, gav sanitetskvinnene ut eit eige oppskriftshefte, der dei tok høgde for at husholdningar generelt hadde mindre tilgang til sukker. Framgangsmåter for sylting, hermetisering og nedlegging av frukt og grønsaker var nok godt å få med seg.

I januar 1945 kom det pålegg frå politipresidenten på vegne av luftvernsjefen i Bergen om å stenge snarast råd er, då det vart vurdert at Olaviken låg svært utsett til. Der hadde ramla granatsplintar ned frå fly på eigedomen. Det var ikkje sett som forsvarleg at born skulle opphalde seg der. Tilfluktsromma var ikkje sett å vere ha god nok standard, og gutane skulle difor evakuerast. Dei vart mottekne i Sogndal, og hadde også med seg ei søster frå Olaviken som vart bestyrarinne for dei der. I mellomtida vart det tenkt på alternative bruksmåtar for Olaviken. Skulestyret i Bergen, kom til dømes med forslag om å etablere oppdragingsheim for “Bergenske piker som har skeiet ut”. Luftvernsjefen motsette seg dette også. Av samme grunn – forsvarlighet.

I 1943 vart det meldt inn 10333 tilfelle av tuberkolose. Staten starta dette året med skjermbiletefotografering for at tuberkolosekontrollen skulle nå ut til alle. Frå 1943-1963 vart heile befolkinga over skulepliktig alder røngtenfotografert, og ein har gode haldepunkt for at dette bidro til raskare nedgang av tuberkolose. I 1940-åra vart også medikamentell behandling tilgjengeleg.

Hausten 1946 vart det gjort forhandlingar med overlege Thrap-Meyer på Hagavik for å omleggje Olaviken til tuberkolosesjukehus. Bergen Sanitetsforening meinte at ein slike kunne yte meir effekt i tuberkolosearbeidet. På bystyremøte i Bergen i august 1948 vart det gjeve eit rente- og avdragsfritt lån i eigedomen Olaviken, så lenge eigedomen vart nytta til tuberkolosesjukehus. Mellom 1946 og 1949 hadde ein ei omfattande ombygging, og i 1949 omtalte Bergens Tidende at “Sanitetskvinnene gjenreiser Olaviken” Sjukehuset for tuberkoloseramma born sto klart til bruk. Det romma 40 pasientar, og døgnprisen var 10 kroner.

1949 var også året der Noreg slutta seg til NATO. Einar Gerhardsen var statsminister, og Alf Prøysen gav ut “Musevisa”. Rasjoneringa av ost, mjølk og fløyte vart oppheva.

Nobelprisen i medisin gjekk til Walter Hess for kartleggjing av område i hjerna som er involvert i kontroll av indre organ, og Egas Moniz for oppdaginga av prefrontal leucotomi (lobotomi) som behandling av Schizofren psykose. I 1949 starta ein også med tuberkulinprøver og vaksinasjon.

Stor takk til Kari Eeg som har gjeve tilgang til Bergen Sanitetsforening sitt arkivmateriale.

I 2025 har Olaviken drive heile 100 år i teneste for sårbare menneske, med Bergen Sanitetsforening som sosialentrepenørar - opptekne av å dekke udekka behov i samfunnet.

Gjennom åra var kampanjane og opplysningarbeidet mot tuberkulose viktig. Ein henvende seg til dømes særskilt mot menn for å bekjempe spytting. I mange miljø vart spytting sett som eit uttrykk for sterk maskulinitet – men også altså helsefarleg. Husmødre vart oppmoda til å oppdra sønene til å ikkje spytte og til å springe etter eldre menn med spyttbakkar. Nasjonalforeininga for folkehelse hengde opp plakatar som laud: Spytt ikkje på golvet! Host ikkje mot nokon! I bekjempinga av tuberkolose vart husmødre sin innsats framheva i tillegg til frivillige organisasjonar, då særleg Norske Kvinners Sanitetsforening. Betre levestandard, betre hygiene og smittehindrande tiltak er tillagt betydning for at dødeligheta ved tuberkolose vart redusert, så kom også vaksinasjon og antibiotika.

I åra 1950 – 1965 vart tuberkolosesjukehuset drive. Ein merka at tuberkolosen var på tilbakegang, og i 1951 gjorde sanitetskvinnene avtale med helsedirektøren i Bergen om å ta imot tuberkuløse born frå Ungarn. Ein rekna at etter eit halvt år ved Olaviken sjukehus ville borna vere friske, og kunne reise attende til foreldra sine eller adopterast i Noreg.

I 1963 hadde tuberkolosesjukehuset 22,6 % belegg, beståande for det meste av middelaldrande menn. I 1964 sat ein att med sju pasientar som då vart flytta til Hagavik. Bergen Sanitetsforening sitt blad, Trekløveret, melde i 1964 at Olaviken sin tuberkoloseheim på Askøy går med redusert drift, og at tida er inne til å tenkje på kva ein skal nytte «denne deilige eiendommen» til.

I 1965 fortel bladet om ominnreiing på Olaviken til å få ein heim for 20 gamle. Ein peikar på at høg levealder fører til at eit aukande antal menneske vert hjelpelause både fysisk og psykisk – og vil prøve å gje ei hjelpande hand. Ein skildra Olaviken som «Hjemlige og lune stuer i vakre og fredelige omgivelser som er hensiktsmessig for både pasienter og betjening.» Ein la også planer mot ei større utbygging, og i september 1965 godkjende Askøy kommune byggesøknad om utviding av sjukehuset til 60 sengar for senil demente, eller som Bergen kommune skildra det: «Alderssløve oppegående pasienter» Ein fekk då ei samarbeidsavtale med Bergen kommune, og kvart liggedøger kostar 50 kr.

I året 1965 er Einar Gerhardsen statsminister, men valet på hausten gav borgarleg fleirtal og Per Borten tek over. Beatles gav ut «Help» og Rolling Stones kom til Noreg og skaper ville tilstandar. Ein stilte i rekke og dansa Jenka over heile landet, Noreg vedtok lov om folkepensjon, USA nytta napalmbomber i Vietnam og UNICEF fekk Nobels fredspris.

Foto av skilt med tillatelse fra Vadsø museum - Ruija kvenmuseum
Avisartikkel fra Bergens Arbeiderblad 27.11.1964
 
 
Del 4 årene 1966 - 1988

I 2025 har Olaviken drive heile 100 år i teneste for sårbare menneske, med Bergen Sanitetsforening som sosialentrepenørar - opptekne av å dekke udekka behov i samfunnet.  

I årsberetninga for Bergen sanitetsforening for 1967 kunne ein lese at etter endringane til fokus på psykisk og fysisk skrøpelege eldre, kunne det sjå ut til at Olaviken eigna seg utmerka til det nye formålet. Bestyrarparet vert skildra som eit funn, at Olaviken har rause dosar med menneskeleg omsorg og pleie og at alle bursdagar vert behørig feira med bløtkake. Fleire som var tilsette i denne perioden fortel om godt arbeidsmiljø, godt humør – og om eit personale som sto saman når kvardagen baud på utfordringar. Dei fortel om arbeidsstova der det vart  produsert mykje fint som vart lodda ut på basar 4. søndag i advent. Julefesten var eit høgdepunkt som også pårørande engasjerte seg stort i.  Ein hadde sydenturar, hytteturar og båtturar for pasientane, der tilsette frå alle yrkesgrupper var med. Røykerommet var felles for pasientar og personale. Sjølv om det i 1975 kom reklameforbod for tobakk, var det endå langt fram til røykelova i 2004.  

 I 1971 var det kvite huset hovudsjukehuset. Det budde 8 personar på kvart rom med ein vask på deling. På morgenen skulle alle vente i sengane sine til dei hadde fått stell. Det raude huset var nytta som spisesal for tilsette, leiing og kjøken. Dette vart etter kvart rive. Ei lita hytte vart nytte til bustad for tilsette, denne vart erstatta av styrarboligen på 70-talet.  

 Ein jobba i tråd med behova i samfunnet, og i 1973 fekk ein godkjenning som psykiatrisk sjukeheim med hovudvekt på omsorg for pasientar med demens og eit nytt bygg sto ferdig dette året. 1973 var også året for verdas første mobiltelefonsamtale, Watergate pågjekk, rockebandet Saft fekk Spellemannspris – og Lars Korvald var statsminister til Trygve Bratteli tok over. 

Fram til 1978 jobba ein suksessivt med utviding, og gjekk i desse åra frå 24 til 90 sengeplassar. Ein hadde aktivitør og frisør, ein hadde eigne klessal til pasientane fortel om god trivsel både for pasientar og tilsette. 1988 er vidare skildra som eit utfordrande år. Talet på plassar vart redusert, både på sjukeheimen og i dagavdelinga. Ein skaffa dessutan datautstyr, og sjølv om dette skapte ein reduksjon i regnskapsføringsutgifter, krevde nok innføringa både tid og opplæring. I Noreg var Gro Harlem Brundtland statsminister, og den norske kyrkja fekk sin første kvinnelege prost. Munch-maleriet «Vampyr» vart stole frå Nasjonalgalleriet i Oslo, og levert attende seinare same år. Harald Sæverud fekk juryens ærespris på Spellemannsprisutdelinga for 1988,  der Torhild Sivertsen var programleiar.  

 

 Del 5 ,1989 - 1998   

I 2025 har Olaviken drive heile 100 år i teneste for sårbare menneske, med Bergen Sanitetsforening som sosialentreprenørar - opptekne av å dekke udekka behov i samfunnet.  

I 1989 vart Atlanterhavsvegen opna, og Salhus Tricotagefabrik la ned drifta. Det første sametingsvalet fann stad og Berlinmuren fall. Samme år skjedde ei omstrukturering av   psykisk helsevern for aldersdemente med vanskeleg atferd. Olaviken hadde 71 sengeplassar, av desse var 61 i bruk. Ein la ned dagavdelinga som var i fylkeskommunal regi – denne starta opp igjen i kommunal regi i Askøy kommune, men vart nedlagt etter 7 månader drift.  Ein ynskte også å forsterke det polikliniske tilbodet noko ein fekk etablert prosjekt på. 

 I året der Dalai Lama fekk fredspris og Halvdan Sivertsen song «Førr ei dame», sette Olaviken i gang fagteam for aldersdemente, for å kunne gjennomføre ei god omstilling til spesialisthelseteneste. Arbeidet her var mest knytta til atferdsforstyrringar ved demens, då dette var ansett å vere mest presserande i førstelinja.  

I årsmeldinga for 1990, skriv styreformannen at Olaviken har vore prega av omstilling, både bygnadsmessig og den framtidige plassen innan helsevesenet, og personalet får ros for å innstille seg på spesialfunksjonar innan psykisk helsevern. Tilsette frå denne tida, skildra også Olaviken som ein arbeidsplass under stadig fornying. Ein framhevar både samhald internt og forbilledelege prosessar utad.  

 I 1991 bidrog «Uroprosjektet « til å gjere Olaviken kjend innanfor det alderspsykiatriske feltet som vaks fram i Noreg. I 1992 skifta ein namn frå Olaviken psykiatriske sykehjem til Olaviken behandlingssenter. Same år vann Olaviken Arbeidsmiljøprisen for Hordaland.  

 I 1994 var det OL på Lillehammer, og folk i by og bygd nynna på OL – floka. I Olaviken skjedde også store ting, ein fekk etablert ein offentleg godkjend alderspsykiatrisk poliklinikk, i tillegg til at ein oppretta ei eiga undervisningsavdeling.

I 1995 vart opptaksområdet auka til å gjelde heile Hordaland fylke. 

Ein hadde stadig prosjekt for å optimalisere behandlingstilbodet. I 1997 vart det starta prosjekt med lysbehandling mot døgnrytmeforstyrringar, og ein registrerte positive endringar hjå pasientane som tok del.  

I 1997 tok Kjell Magne Bondevik over som statsminister i Noreg, og Michael Jackson spelte på Valle Hovin for 32000 fans.  

EPOKE 6  1999 - 2004  

 I 2025 har Olaviken drive heile 100 år i teneste for sårbare menneske, med Bergen Sanitetsforening som sosialentrepenørar - opptekne av å dekke udekka behov i samfunnet.  

I 1999 vart Piccard og Jones dei to første til å fly verda rundt i ein varmluftsballong.  Kjell Magne Bondevik var statsminister i Noreg, Frode Grytten gav ut Bikubesong, og Stig Van Eijk vann Melodi Grand Prix med «Living my life without you». I Olaviken var det også eit år der mykje skjedde. Ein starta ein eigen post for menneske med Huntingtons sjukdom. Poliklinikken starta hukommelsesklinikk for tidleg utredning av demens, og langtidsavdelinga vart omgjort til ei behandlingsavdeling med kortare liggetid 

 I 2000 skreiv  Askøyværingen at i 1999 var 80 personar innlagde på Olaviken, og at gjennomsnittleg liggetid hadde gått ned frå 194 dagar i 1998 til 142 i 1999. I 2000 starta også Olaviken nettverksgrupper innan demens i Hordaland, på oppdrag frå Fylkeslegen og Fylkesmannen.  

 Tilsette frå den tida skildrar ein dynamisk arbeidsplass. Om å vere involverte i å lage prosedyrar med registreringsskjema, album og livshistorier for pasientane. Om overgangen til å skulle sitje stovevakt  - der ein ikkje skulle vere aktiv med praktisk arbeid, heller tilgjengeleg for pasientane i miljøet. Eit arbeid som har stor verdi i seg sjølv. Dessutan at ein såg kor viktig et var å kunne gje undervisning og rettleiing til kommunane, særskilt i høve pasientar som hadde ei atferd som kunne vere utfordrande å handtere. Menneskeverd vert skildra som sentralt, at alle skal verte behandla med  verdighet uansett kor sjuke dei er.  

I 2002 vart Euroen introdusert. Bård Tufte Johansen vekte oppsikt ved å sabotere ei TV2-sending med det mykje omtalte «kylling-stuntet». Det norske folk fekk ordet «lysfontene» i vokabularet i samband med kongeleg bryllaup i Trondheim. For Olaviken sin del tok Staten ved Helse Vest RHF over som oppdragsgjevar. I 2004 vann Kurt Nilsen World Idol. Olaviken vart sjukehus og endra namn til NKS Olaviken Alderspsykiatriske Sjukehus AS med 24 døgnplassar og poliklinikk. I tillegg kom Huntingtonavdelinga med 8 pasientar.  

 

Sist oppdatert 13.05.2025